Mel: "Carry me back to old Virginy"
Hundeidvik grend mellom sunnmørske grender
fagert du ligg mellom fjell og djupe fjord
Mjukt leikar vinden omkring dine strender
venast er du mellom det vi veit på jord.
venast er du mellom det vi veit på jord.
Her helsar haugar frå heidenske tider.
Folk har det budd her i meir enn tusen år.
Her bygde bønder i lauvrike lier.
Her kjempa småmenn mot svolt og naud og sår.
Næring dei fann i ei jord som gav grøde.
Og på eit hav med skiftande sinn.
Strevet for maten var merka av møde.
Lell såg dei ljost mot framtida inn.
Odin og Tor laut for Kvite-Krist vike.
Hulder og trollpakk i berg måtte gå.
Plassingen vaks og var sjølveigars like.
Saman skal alle no hauste og så.

Vak du ei natt under Skopshorn ein sommar.
Eller kliv i kleiva mot Hovdeåsen bjart.
Ingen stad finn du vel fagrare blomar.
Ingen stad elles syng fuglen så vart.
Vellingsnes, staden for jubel og jonsok.
Brura og brudgom pynta til fest.
Tonar frå båtar og bjøller og kulokk
ange frå åkerar og knoppar som brest.
Gjev at i framtida vil jente og gutar
leve i fridom og likskap og fred
slik at frå fjorden til snøkledde nutar
trivsel og tryggleik kan feste seg ved.
Hundeidvik grend mellom sunnmørske grender
venast du er mellom det vi veit av ord.
Vona vil vil med hjarte og hender
folket ditt fagnar di ville, vakre jord.
Roald Solheim



